torsdag 3. november 2016

Tur til Lønahorgi tirsdag 25 oktober


Utsikt frå Løahorgi 1241 moh, ned til Skulestadmo og Vossevangen 

Eg var sein ut døra denna dagen ;) eg hadde gått av vakt etter arbeidshelg mandagen og var fortsatt litt trøtt i kroppen. Eg pakka med meg nista og drikka i sekken, sjokoladen plata eg kjøpte kvelden før for å ha med meg på tur rauk med kvelden før ;) 

Eg parkerte bilen i Bavalen og gjekk derifrå. Tygste og bratteste delen på denna turen er frå Slettafjellet til Kvilehytta, jevn og god stigning heile vegen på traktorveg.


 Bavalen


 Vegen frå Horgaletten til Kvilehytto


Utsikt frå Kvilehytta mot Hondalsnuten 
( kartverket skriv Horndalsnuten, men etter gammalt heiter det Hondalsnuten) 

Frå Kvilehytto opp mot Lønahorgi blir terrenget ulent. jo nermare og nærmare eg kom Lønahorgi vart fleir og fleir steinar glatte pga små snøkrystallar som dekte dei. Men med god tid gjekk da fint ;) 


 Følelsen av å væra på toppen er alltid god :) 


Møtte på ein kjekk kar so tok bilete av meg :) 

Hadde vært vidstille og fint på heile turen, men nett før toppen og på toppen blas det litt. Ein fin fin tur i ei fin fin bygd på ein fin fin dag :) kom meg nedatt og :) nett i tide til personalmøte :) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar