fredag 4. november 2016

Kiellandsbu


Kiellandsbu 

Eg og ei venninda, Renate, var på ein ettermiddagstur tur til Kiellandsbu / Løkjedalsnuten 16 august. Fin tur med sol og blå himmel heile vegen. Dette er ein litt lengre tur men den er ikkje lika krevande som ein topptur. Men klart ein av mine favorittar. Utsikten frå Kiellandsbu, Folgefonna, hardangerfjorden og fjellene rundt som rammar det heila inn, er ein av dei finaste eg veit. 




Fjell,  fonn, fjord og ei Vossataus 


Det er mogeleg å overnatta på Kiellandsbu. Det er ei av Bergen og Hordaland turlag sine ubetjente hytter. Bilde ovenfor er tatt frå hemsen på hytta. Våkna opp her er ikkje feil.

Eg har festa to lenkjer til detta innlegget - Historia om Kiellandsbu og ut.no sin beskrivelse av turen.

God tur :) 





Linkar :





torsdag 3. november 2016

Eg vart kåra til turjenta uke 43 !!!!!!

Kom ein overaskande og kjekk melding på telefonen min frå turjenter.no i går rett før eg skulle gå av vakt :)

 Ein kan jo ikkje bli anna enn glad av sånne meldigar :) eg har jo berre gjort da e likar aller best, vært på tur og tatt nokon bilder og slengt på noen emneknaggar :) Tusen takk turjenterno :)




Ein draum hadde jo vå å kunna reist på lengre turar :) 


Tur til Lønahorgi tirsdag 25 oktober


Utsikt frå Løahorgi 1241 moh, ned til Skulestadmo og Vossevangen 

Eg var sein ut døra denna dagen ;) eg hadde gått av vakt etter arbeidshelg mandagen og var fortsatt litt trøtt i kroppen. Eg pakka med meg nista og drikka i sekken, sjokoladen plata eg kjøpte kvelden før for å ha med meg på tur rauk med kvelden før ;) 

Eg parkerte bilen i Bavalen og gjekk derifrå. Tygste og bratteste delen på denna turen er frå Slettafjellet til Kvilehytta, jevn og god stigning heile vegen på traktorveg.


 Bavalen


 Vegen frå Horgaletten til Kvilehytto


Utsikt frå Kvilehytta mot Hondalsnuten 
( kartverket skriv Horndalsnuten, men etter gammalt heiter det Hondalsnuten) 

Frå Kvilehytto opp mot Lønahorgi blir terrenget ulent. jo nermare og nærmare eg kom Lønahorgi vart fleir og fleir steinar glatte pga små snøkrystallar som dekte dei. Men med god tid gjekk da fint ;) 


 Følelsen av å væra på toppen er alltid god :) 


Møtte på ein kjekk kar so tok bilete av meg :) 

Hadde vært vidstille og fint på heile turen, men nett før toppen og på toppen blas det litt. Ein fin fin tur i ei fin fin bygd på ein fin fin dag :) kom meg nedatt og :) nett i tide til personalmøte :)